Image
Malt gurkemeie på et bord, i løs form og i ampuller.

Gurkemeie har vist seg å ha lækjande effekt, men førebels berre i laboratoriet. Det kan endra seg. Foto: Pixabay

Nytt håp for gurkemeie som legemiddel

Dersom stoffet curcumin i krydderet gurkemeie skal brukast som legemiddel, må kroppen kunna ta det opp. Forskarane prøver å finna ut korleis.

I laboratoriet har curcumin vist seg å verka mot betennelsar, kreft, mikrobar og meire til, men i praktisk bruk har det hatt liten dokumentert effekt. Utfordringa er å få kroppen til å ta opp stoffet.

– Curcumin har eigenskapar som gjer at nett det er vanskeleg. Stoffet løyser seg dårleg i vatn, forklarar Raj Kumar Thapa, postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Thapa forskar på formulering av produkt til behandling av sår, altså korleis produkta kan setjast saman for å fungera best mogleg. No vil han finna ein måte å utnytta dei antimikrobielle eigenskapane til gurkemeie.

Løyser seg dårleg i vatn

For å få til det, må han finna den rette surfaktanten, som det heiter. Ordet er fornorska frå det engelske ordet surfactant, som er samantrekt av «surface-active agent». Det er stoff som minskar overflatespenninga mellom to stoff, slik at dei lettare kan blanda seg.

Faktisk har mange av oss surfaktantar på frukostbordet kvar einaste dag. Om lag halve eggeplomma er vatn, og dermed skulle ho ikkje la seg blanda med olje så lett. Men sidan ho òg inneheld surfaktanten lecithin, let det seg likevel gjera, og dermed blir det mogleg å laga majones.

Men sidan dette ikkje er matspalta, let vi majonesen liggja og går tilbake til sårpreparatet. Stoff som løyser seg dårleg opp i vatn, som curcumin, kallar vi hydrofobe. Thapa meiner han kan vera på sporet av korleis curcumin kan inkorporerast i sårpreparat.

Kuleforma strukturar

Raj Kumar Thapa
– Curcumin løyser seg dårleg i vatn. Dermed er det vanskeleg for kroppen å ta det opp, fortel Raj Kumar Thapa. Foto: UiO

– Vi brukar ein polymer, som består av store molekyl som er organisert i fleire delar eller blokker. Polymeren vi brukar heiter Pluronic F127, eller PF127. Den har tre komponentar, eller blokker. Blokka i midten er hydrofob, slik som curcumin. Dei to i endane er derimot tiltrekt av vatn, eller hydrofile, som det heiter, forklarar Thapa.

– Når PF127 hamnar i vatn i høg nok konsentrasjon, vert dei store molekyla trekte mot kvarandre og formar små kuleforma strukturer. «Skalet» på kvar kule vert danna av mange PF127-molekyl. Kvart molekyl dannar ein U, der dei hydrofile endane vender ut mot overflata og den hydrofobe delen i midten vender innover mot kjernen.

– Kulene blir vassløyselege på grunn av dei hydrofile endene på overflaten. Desse kuleforma strukturane heiter miceller.

Finna det magiske punktet

Sidan curcumin-molekyla òg er hydrofobe, finn dei ein trygg tilhaldsstad inne i kjernane av micellene. Men no oppstår eit nytt problem. Som ein truga flokk moskusoksar som slår ring rundt kalvane sine, vaktar micellene på curcuminet og hemmar effekten av det. Dermed er ein ikkje komen så mykje lenger.

– Men jo nærmare konsentrasjonen av PF127 er det kritiske punktet der miceller vert danna, jo betre løyser curcumin seg. Trikset er å finna det magiske punktet der vi får best effekt av curcumin utan at PF127 dannar miceller, seier Thapa.

Men konsentrasjonen av curcumin viser seg òg å påverka det kritiske punktet der PF127 dannar miceller. Høg konsentrasjon av curcumin fører til at micellene vert danna ved lågare konsentrasjonar av PF127.

– Det gjer det ikkje enklare å finna det magiske punktet, forklarar Thapa.

Er du interessert i forskingsnyheiter om realfag og teknologi: Følg Titan.uio.no på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt

Må ta fleire omsyn

I tillegg må forskarane ta omsyn til væska som PF127 og curcumin er løyst i. Forskarane brukar ei spesiell type saltløysing. Slike sårpreparat inneheld òg ofte små mengder av løysemiddel, såkalla cosolvents.

– Det kan til dømes vera etanol eller DMSO (dimetylsulfoksid). Desse løysemidla aukar løysbarheita av hydrofobe stoff som curcumin og gjer at dei lettare trengjer gjennom fysiologiske barrierar som hud.

– Våre studiar viste at små mengder av cosolvents hadde ein liten effekt på når miceller vart danna. Det same gjer saltløysinga. Effekten er avgrensa for begge deler, men stor nok til at vi må ta omsyn til han.

Den vitskaplege artikkelen:

Thapa m.fl.: Effect of curcumin and cosolvents on the micellization of Pluronic F127 in aqueous solution. Colloids and Surfaces B: Biointerfaces, Nov 20