Ei plastskrue med to væskefylte kammer skilde av ein oljemembran gjev ein enklare, rimelegare og meir nøyaktig metode for å analysera legemiddel i blodprøvar. Foto: UiO

Ei plastskrue med to væskefylte kammer skilde av ein oljemembran gjev ein enklare, rimelegare og meir nøyaktig metode for å analysera legemiddel i blodprøvar. Foto: UiO

Lanserer nytt produkt for enklare, betre og rimelegare analyse av legemiddel i blod

Sjukehus og legemiddelindustri vil fyrst få glede av oppfinninga, som er basert på UiO-forsking. På sikt kan pasientar kanskje gjera testen sjølv.

Av Torstein Helleve
Publisert 20. mai 2020

– Det som skil vår oppfinning frå ein del andre innovasjonar som spring ut av akademia, er at det er eit generelt prinsipp som kan leggja grunnlag for å utvikla løysingar på ei rekkje felt. Andre leverer gjerne ei bestemt løysing for eitt, nøye definert problem, seier Stig Pedersen-Bjergaard, professor ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo (UiO).

Historia om oppfinninga starta tidleg på 2000-talet. Kjemikarar kan bruka ein prosess som heiter elektroforese til å separera kjemiske forbindelsar. Elektroforese vert mellom anna mykje brukt til å påvisa sjukdomar frå blodserum.

Drivne av vitskapleg nysgjerrigheit ville Pedersen-Bjergaard, saman med tidlegare kollega Knut Rasmussen, undersøkja om det er råd å gjera elektroforese på tvers av tynne membranar av oljer (kva membranen gjer, vert nærare forklart nedanfor).

Risiko for forskarkarrieren

– Vår oppfatning var at det ikkje var råd, men vi bestemte oss for å prøva likevel. Vi prøvde ei rekkje ulike oljer, men ingen verka. Men i skapet på laben stod det ei olje som var lite brukt, og som vi fann ut vi like gjerne kunne testa når vi var i gang. Og den gjekk som f…!, gliser Pedersen-Bjergaard.

– Vi fekk til å ekstrahera legemiddel ut av blodprøvar.

Dei hadde avdekt eit nytt kjemisk prinsipp for ekstraksjon. Magefølelsen sa straks at dette hadde store moglegheiter, fagleg så vel kommersielt. Men det var òg forbunde med risiko: dersom dei tok feil, eller andre forskarar ikkje var interesserte, kunne heile forskarkarrieren enda i ei blindgate.

Møte på parkeringsplassen

Kommersielt var det òg langt fram, og spørsmålet var om nokon ville risikera investeringskapital i tida det ville ta å utvikla eit ferdig produkt. Det ville vera snakk om mange år.

UiO sitt innovasjonsselskap Inven2, eller Birkeland innovasjon som det heitte den gongen, var ei stund inne i biletet og hjelpte med å levera patentsøknad. Men dei trekte seg ut og sa frå seg rettane til patentet. Til neste steg i patentprosessen trengte Pedersen-Bjergaard og Rasmussen investeringar, og tida var knapp.

– Det var berre nokre veker igjen til fristen då eg trefte Roger Trones på parkeringsplassen mellom Kjemisk og Farmasøytisk institutt på Blindern, fortel Pedersen-Bjergaard.

Roger Trones og Stig Pedersen-Bjergaard
Roger Trones (t.v.) og Stig Pedersen-Bjergaard viser fram oppfinninga som vert lansert i 2021. Foto: UiO, frå tida før "sosial distanse" var eit begrep

Stolte på magefølelsen

Han la fram problemet for Trones, ein kjenning frå den gongen dei var høvesvis stipendiat og masterstudent ved Kjemisk institutt. Sidan den gongen hadde Trones starta si eiga bedrift for utvikling og produksjon av kjemisk utstyr, G&T SepTech. Bedrifta vart starta saman med professor Tyge Greibrokk frå Kjemi.

– Eg var heller ikkje umedelbart overtydd om det kommersielle potensialet, fortel Trones.

– Men det eg var overtydd om, var Stig sin «track record». Magefølelsen min fortalde meg at eg burde stola på magefølelsen hans.

Oljemembran i plastskrue

Samarbeidet som starta på parkeringsplassen basert på to magefølelsar, står no i ferd med å bera frukter.

– Det har teke lenger tid enn vi såg for oss, og det har vore nokre skjær i sjøen, spesielt i starten, seier Trones.

– Men vi lærte av dei, og no seier eg ikkje lenger «dersom» vi når ut på marknaden, men «når». Spørsmålet no er berre kor stor del av marknaden vi klarer å få.

Produktet dei har utvikla, består av to små plastflasker, haldne saman i toppen av ei brei plastskrue. Den eine plastflaska inneheld pH-justert vatn, og den andre sjølve prøvesubstansen, typisk ein blodprøve. Dei to væskene vert haldne frå kvarandre av ein oljemembran inne i plastskrua.

Illustrasjon av analyseinstrument med ti plastflasker
Instrumentet kan analysera opp til ti prøvar om gongen. Ill.: G&T SepTech

Solid vitskapleg forankring

– I separasjonsprosessen vert dei samanskrudde flaskene rista, samstundes som det vert sendt straum gjennom dei. Samansetjinga av membranen og spenningsstyrken avgjer kva stoff som vert overført frå prøvesubstansen til vatnet, forklarar Trones.

– Vatn er ein rein og enkel matriks, som det heiter, å fanga det utskilde stoffet i. Dermed vert vidare analyse enklare og meir nøyaktig, og gjev mindre slitasje og nedetid på kostbare analyseinstrument. I tillegg til denne indirekte besparinga, har produktet vårt òg ein god pris i innkjøp, seier han.

Pedersen-Bjergaard understrekar kor viktig det er at produktet har ei solid vitskapleg forankring.

Utspring i UiO

– Parallelt med at G&T SepTech utvikla det kommersielle produktet, har vi utvida forskingsområdet. Berre frå Farmasøytisk institutt har det dei siste femten åra kome meir enn hundre vitskaplege artiklar med utgangspunkt i dette funnet. Frå andre stader i verda er det kome 200–300, fortel han.

Trones på si side vil ha fram at sjølv om dei er eit kommersielt firma, er dei ikkje opptekne av å henta ut store fortenester.

– Det som har sett oss i stand til å halda dette utviklingsarbeidet gåande i så mange år, er at mesteparten av overskotet vårt vert pløya tilbake til forsking og utvikling. Det skulle berre mangla, G&T SepTech har jo sitt utspring i UiO, seier han.

Paradigmeskifte

Dei fyrste kommersialiserte produkta vil retta seg mot sjukehus og legemiddelindustri. På sikt ser dei for seg at dei òg kan tilby produkt for mannen i gata, slik at pasientar til dømes kan sitja ved kjøkkenbordet og med eit lite stikk i ein finger testa eige legemiddelnivå i ein bloddrope med mobiltelefonen.

– Men slike målingar krev at legemidlet fyrst vert ekstrahert ut av bloddråpen, og her kjem vår teknologi inn, seier Pedersen-Bjergaard.

Men slike produkt ligg minst 15 år fram i tida. I mellomtida har Pedersen-Bjergaard og Trones fått dryge fem millionar av Forskingsrådet for å ferdigstilla produktet. Dei samstemmer i det som stod i vurderinga av søknaden deira:

– Dette kan vera eit paradigmeskifte.

Les mer på Titan.uio.no

Nye muligheter for å ta viktige blodprøver hjemme i stua

Nyrefunksjon kan testast raskare enn før

Kjemien som kan gi deg bedre helse

Emneord: Farmasi