Ark med filterpapir, det vil si et ark med masse små hull.

Eitt ark med filterpapir kan brukast til hundrevis av prøvar. Foto: Torstein Helleve/UiO

«Laboratorium på papir» behandlar blodprøven medan den ligg i postkassa

Blodprøver på papir kan pasienten ta heime i stova. No får forskarane prøvepapiret til å starta analysearbeidet medan det er undervegs i posten.

Av Torstein Helleve
Publisert 14. okt. 2020

Moderne vidareutvikling av ein gammal teknikk med tørka blodprøvar tillét pasientar å ta prøvane sjølv heime og senda dei i posten til eit laboratorium som kan analysera dei, slik Titan.uio.no tidlegare har skrive om.

Men det står enno att ein del arbeid når prøvane kjem fram til laboratoriet dersom dei skal analyserast for protein. Det vil professorane Leon Reubsaet og Trine Grønhaug Halvorsen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo gjera noko med.

– Å analysera tørka blodprøvar for små molekyl med massespektrometri, er ein enkel rutineprosess. Store molekyl som protein krev derimot ein lengre og meir tidkrevjande prosess, det vi kallar å opparbeida prøven, seier Reubsaet.

Lange og korte perleband

– Eit proteinmolekyl er som eit langt perleband, samansett av det som heiter aminosyrer. Før massespektrometrianalysen må vi dela opp det lange perlebandet, proteinet, i mange korte perleband, såkalla peptidar, ved hjelp av eit enzym. Enzymet fungerer som ei saks som klipper perlebandet i bitar.

Men det er ikkje den einaste utfordringa med å finna proteina.

– Prøvar som folk tek sjølve, gjev mykje mindre blod enn ved prøvar som vert tekne av fagfolk. Berre ein liten dråpe vert pressa ut. Dei proteina vi ser etter, utgjer i sin tur berre ein bitte liten del av dei fleire tusen proteina som finst i ein prøve, seier Halvorsen.

24 timars postgang

– Det ville vera som å leita etter nål i høystakken, hadde det ikkje vore for antistoff som er selektive. Vi kan få antistoffet til å binda seg til det proteinet vi ynskjer, og så vaskar vi bort resten.

Men desse prosessane er tidkrevjande. Så forskarane lurte på om det let seg gjera å starta prosessen før prøvane kom til laboratoriet.

– Vi fann ut at vi kunne alliera oss med papiret prøvane vert tekne på. Ved å setja det inn med enzym eller antistoff, kan prosessen starta nesten før pasienten får lagt prøven i konvolutten, forklarar Reubsaet.

– Med 24 timars postgang har vi spart nesten like mykje i laboratorietid. Du kan seia at vi har laga eit laboratorium på ein liten papirbit.

Leon Reubsaet og Trine Grønhaug Halvorsen i korridoren på Farmasøytisk institutt
Leon Reubsaet og Trine Grønhaug Halvorsen allierer seg med papiret blodprøvane vert tekne på. Foto: Torstein Helleve/UiO

Kunne brukt kaffifilter

Halvorsen fortel at foreløpig kan dei berre bruka enten enzym eller antistoff, men dei ynskjer å finna løysingar slik at begge delar kan gjerast på same papiret.

– Og noko av det beste er at metoden er så billig. Vi startar med vanleg filterpapir som kostar kanskje ti kroner arket og er nok til fleire hundre prøvar. I prinsippet kunne vi faktisk ha brukt kaffifilter, seier ho.

– Enzyma og antistoffa kostar heller ikkje mykje, så kvar prøve kostar ikkje meir enn kanskje ei krone eller to. Portoen får vi derimot ikkje gjort noko med.

Uråd å få same volum

Metoden har alt vekt kommersiell interesse. På bakgrunn av dei vitskaplege artiklane har dei blitt kontakta av ein produsent av utstyr for prøvetaking. Eit samarbeid her kan føra til vidareutvikling av metoden.

Små plasthylser med liten svamp i den ene enden
Dei små svampane i enden av hylsene fangar opp prøvar som vert like store. Foto: Torstein Helleve/UiO

– Dei produserer utstyr for ein metode for prøvetaking som heiter VAMS, der ein brukar ørsmå svampar til å suga opp blodet frå fingeren. Fordelen med det er at ein får lik og føreseieleg storleik på prøvane, forklarar Halvorsen.

– Når ein skal overføra blodet frå fingeren til papir, er det uråd å få same volumet frå gong til gong.

Kan gjera kliniske studiar i Tanzania

Reubsaet er oppteken av moglegheitene blodprøver på papir gjev:

– Her i Oslo er det relativt lettvint å avleggja blodprøve på laboratorium som Fürst. Men avstanden til nærmaste laboratorium er mykje større om du bur i Innlandet eller midten av Finnmark og Troms. Mykje enklare med nærmaste postkasse.

– Og det stoppar ikkje der. Med blodprøver på papir kan forskarar i Oslo driva kliniske studiar i Tanzania utan at det krev altfor mykje ressursar.

Les meir:

Paper-based smart sampling for bottom-up protein analysis, Øystein Skjærvøs doktorgradsavhandling, UiO 2020

Emneord: Farmasi