Image
Marianne Hiorth i laboratoriet omgitt av flasker og reagensrør.

Marianne Hiorth er klar for å ta forskinga vidare frå laboratoriebenken. Foto: Yngve Vogt/Apollon

Forskarane må velja om produktet deira er kosmetikk eller legemiddel

Forskarane har tru på nanopartiklar mot munntørrheit. No står dei framfor valet: Er løysinga deira eit legemiddel, medisinsk utstyr eller kosmetikk?

Ei grunnleggjande utfordring med medisinar som skal verka i munnhola, er den store gjennomgangstrafikken der. Vi tyller i oss mat og drikke, og dei fleste av oss skil ut spytt som vi så svelgjer eller spyttar ut. Dermed vert det vanskeleg, sjølv med sugetablettar, å halda verkestoff i munnen lenge nok til at dei kan verka effektivt.

Hjå personar med plagsamt tørr munn er det riktig nok snarare mangelen på spytt som er problemet. Men løysinga kan likevel vera den same, meiner professor Marianne Hiorth ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho leiar eit prosjekt som tek sikte på å finna den løysinga.

Står ved korsveg

– Vi har vist at ein type nanopartiklar som heiter liposom har stort potensial for å levera legemiddel eller væske til munnhola. Vi kan verka dei til slik at dei festar seg til tenner, tannkjøt eller kinnvegg og langsamt slepper ut innhaldet sitt, forklarar Hiorth. Både Titan og Apollon har skrive om denne forskinga tidlegare.

No er forskargruppa tekne opp som prospect i UiO:Livsvitskap sitt innovasjonsprogram SPARK Norway. Forskarane vil få bistand til å utvikla ideen vidare mot kommersialiseringsmålet som vinkar i det fjerne. Men dei står ved ein korsveg.

– I løpet av året som SPARK prospect må vi ta ei avgjerd om korleis løysinga vår skal kategoriserast. Som det går fram ovanfor, er ikkje liposom eigentleg eit legemiddel i seg sjølv, men det kan brukast til å distribuera andre substansar, forklarar Hiorth.

Grundigare og dyrare prosess

Dermed kan løysinga deira potensielt kategoriserast på fleire måtar: som legemiddel, der den aktive substansen er inkludert, som medisinsk utstyr, eller som kosmetikk. Konsekvensane av vegvalet er langt frå kosmetiske.

For både kosmetikk og legemiddel er det krav til sikkerheit, men krava til effekt er heilt ulike. Kosmetikkreklame kan riktig nok innehalda meir eller mindre uttalte lovnadar om skjønnheit og lukke, men i verkelegheita er det få som trur om grøn augneskugge at den skal gje deg noko anna enn grøne augnelok.

– For at noko skal godkjennast som legemiddel eller medisinsk utstyr er det derimot heilt andre krav som vert stelde. Då vert prosessen sjølvsagt grundigare, meir omstendeleg og dermed mykje dyrare, seier Hiorth.

Salspitch på fem minutt

– Men på den andre sida har jo eit legemiddel ein heilt annan status i augo til både forbrukar og helsepersonell.

Dermed vert avveginga mellom kortare veg til marknaden eller ein lengre prosess som vil gje meir fagleg tyngd ei av avklaringane som må gjerast i samarbeid med Inven2 og SPARK. Hiorth fortel om ein litt uvant utvalsprosess for å få status som SPARK prospect.

– I fyrste runde sende vi ei prosjektbeskriving, mykje slik vi er vane med når vi skriv søknadar. Men i andre runde måtte eg halda ein salspitch på fem minutt, det var noko nytt, ler ho.

Gjort noko riktig

Om ein tenkjer tradisjonelt om forskingsstøtte, tenkjer ein kanskje at det er kvaliteten på forskinga som er det viktige, ikkje kor flink forskaren er til nærmast ein stand up.

Men SPARK gjev støtte til forsking som skal ha kommersielt potensial, og då gjev det meir meining at ein òg blir vurdert etter korleis ein vil framstå overfor moglege investorar.

– Eg må jo ha gjort noko riktig, for vi vart jo tekne opp, smiler Hiorth.

Kombinera forsking

Heile samarbeidet starta i si tid i spaltene i Aftenposten. Som den gong relativt nyslått professor skreiv Marianne Hiorth i 2014 kronikken Null hull med nanopartikler til Aftenposten si Viten-spalte. Ho hadde eigentleg ingen andre baktankar enn å formidla frå forskinga si. Men så kom to e-postar.

– Den eine var frå Inven2, innovasjonsselskapet til UiO, OUS og Helse Sør-Øst. Dei trudde dei kjende til all forsking med innovasjonsmoglegheiter ved UiO, men dette var nytt for dei, fortel Hiorth.

– Den andre var frå Janicke Liaaen Jensen ved Odontologisk fakultet, som forskar på sjukdommar i munnhola. Ho var interessert i å undersøkja om vi kunne kombinera forskinga vår.

Det vart starten på eit samarbeid som har vart fram til no, mellom anna med støtte for Forskingsrådet si satsing på unge forskarar.

Saman med Hiorth og Jensen deltek professor Gro Smistad frå Farmasøytisk institutt og stipendiat Julie Frigaard og professor Hilde Kanli Galtung frå Odontologisk fakultet i prosjektet.

Les meir om medisinar på Titan.uio.no:

Levende kopier av organene våre kan brukes til raskere utvikling av medisiner

Bakteriar og froskar kan gje oss framtidas sårmedisinar

Tilsette i apotek vert studerte av ukjende kundar