Image
Oljeplattform i solnedgang.

Havbotnen rundt oljeinstallasjonar er sårbar. Med betre overvaking av økosystema på havbotnen kan tiltak setjast inn tidlegare. Foto: Pixabay

– Betre kartlegging av biomangfald i miljøutsette område er mogleg

Dagens metodar for å kartleggja tilstanden i sårbare økosystem er omstendelege og omtrentlege. DNA-baserte løysingar kan gje betre overvaking.

Når ein ser dramatiske fjernsynsbilete frå oljelekkasjar, skjønar alle at noko har gått galt. Men det er ikkje alle skadeverknadar frå oljeinstallasjonar som er like synlege.

– For å kontrollera at gjennomførde sikringstiltak verkar etter planen, må vi undersøkja tilhøva i økosystema som skal beskyttast. Men måten dette vert gjort på i dag, er tid- og ressurskrevjande, seier Katrine Lekang, mikrobiolog og postdoktor ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

– Botnprøvar frå sedimenta i havbotnen vert grundig studert av tolmodige forskarar som filtrerer ut botndyra og identifiserer kvart einaste eitt for å danna seg eit bilete av økosystemet, forklarar Lekang.

Artar som ikkje blir sett

– Denne prosessen krev så mykje tid at det fort kan gå fleire år før ein er klar til å analysera nye prøver frå same staden. Dermed kan det gå lang tid før ein klarer å identifisere negative effektar på miljøet.

Ei feilkjelde når ein skal artsbestemma dyra i prøvane, er at forskarane brukar morfologiske kjenneteikn, altså korleis dei ser ut. Mange artar er så like at det er vanskeleg å sjå forskjell på dei. Endå verre er det med dei artene som ikkje vert sett i det heile tatt.

– Mikroorganismar vert i liten grad fanga opp i dagens analysar. Desse organismane er spesielt viktige av to grunnar, seier Lekang.

Undersøkte sedimentprøvar

– For det fyrste er dei viktige indikatororganismar, som betyr at dei er blant dei organismane som tidlegast vert påverka av endringar i miljøet. Og sidan dei er nedst i næringskjeda, kan ein endring i bestanden føra til ein dominoeffekt oppover som kan få heile økosystemet til å vakla.

– Mikroorganismar er spesielt viktige av to grunnar, seier Katrine Lekang. Foto: Privat

I doktorgraden sin frå Universitetet i Bergen deltok ho i eit arbeid for å finna betre metodar for å overvaka økosystem ved hjelp av DNA-analysar.

Ved hjelp av microarray, eller mikromatriser som det òg vert kalla på norsk, har ho undersøkt sedimentprøvar for genet 18S rRNA, som finst i alle eukaryote organismar. Det er organismar med celler som har cellemembran og cellekjerne, og omfattar mellom anna – og ikkje minst – alle fleircella organismar.

Mindre ressurskrevjande

Resultata er ikkje alltid presise nok til å identifisera enkeltartar, og det er vanleg å undersøkja grupper av organismar som har same eller nesten same versjon av 18S. Men det er ikkje den ulempa det kanskje høyrest ut som.

– Mange av desse dyra, enten det er mikroorganismar eller litt større dyr, er ikkje beskrivne som art av vitskapen endå. Med resultat på gruppenivå hoppar vi litt bukk over det steget og har likevel resultat som er presise nok til å avdekkja endringar, seier Lekang.

For når forskarane heldt saman funna sine med opplysningar frå oljeoperatørane, kunne dei påvisa effekten av den menneskelege verksemda i økosystemet heilt ned på mikroorganismenivå, betydeleg mindre ressurskrevjande enn dagens metodar.

Miljøroman for ungdom

– Men vi har berre demonstrert potensialet, og båttokta for sjølve innhentinga av botnprøvar krev framleis mykje ressursar. Men med robotteknologi skulle det vera råd å langt på veg automatisera prøvetaking og analysar sjølv på vanskeleg tilgjengelege stader, seier ho.

– Iskanten er jo eit høgaktuelt døme. Og teknikken kan jo brukast alle stader ein ynskjer å måla effekten av menneskelege inngrep på økosystem, som gruveanlegg og utbyggingar.

Lekang debuterte elles som skjønlitterær forfattar tidlegare i mai med «@ally_trip», ein miljøroman for ungdom. Den kan du lesa om i Moss Avis (abonnement), og fylgja Instagram-kontoen med utgangspunkt i boka.

Den vitskaplege artikkelen:

Lekang m.fl.: Evaluation of a eukaryote phylogenetic microarray for environmental monitoring of marine sediments. Marine Pollution Bulletin, May 2020