iEarth-konsortiet tildeles SFU-støtte

iEarth logo
Centre for integrated Earth System Education - iEarth

Sentre for fremragende utdanning (SFU) er ein prestisjeordning som skal stimulera til kvalitet i norsk høgare utdanning. SFU-løyvinga gjeld for fem år med moglegheit for forlenging etter evaluering. Støtta gir fagmiljø moglegheit til å jobba målretta og langsiktig med utvikling av undervisningstilbodet.

SFU-tildelingar heng høgt og tildeles internasjonale og ypperlige fagmiljø. 

– Fagmiljøene som får denne statusen, er fremragende på et internasjonalt nivå. De har vist at de er nyskapende i sitt arbeid med utdanning og har store ambisjoner for videre utvikling, sier direktør i Diku, Harald Nybølet ved offenleggjeringa av vinnarane 12. desember

Centre for integrated Earth System Education - iEarth

Eit av dei fire nye SFU-sentra som fekk støtte i dag, var iEarth. Konsortiet iEarth er eit samarbeid der instituttet deltek med tre andre norske aktørar innan geovitenskapelege studier på universitetsnivå. Deltakarane i konsortiet er Institutt for geofag (Universitetet i Oslo), Institutt for geologi (Universitetet i Tromsø), Institutt for geovitskap (Universitetet i Bergen) og Arctic Geology Department (UNIS, Svalbard).

Tre ildsjeler ved Institutt for geofag har arbeidd mykje med iEarth søknaden, som no ved 2. gangs innsending fekk tildelt støtte. De tre er fyrsteamanuensis Anders Mattias Lundmark, stipendiat Rie Hjørnegaard Malm samt utdanningsleiar Karianne Lilleøren. 

Institutt for geofag skal i tillegg til å delta i samarbeidet, også ha ansvar for ein av fem arbeidspakkar skissert i søknaden: Kultur for læring (undervisaranes læringsmiljø).

Eit nasjonalt samarbeid for å styrka geostudia

Målet til iEarth-konsortiet er å dra saman og å utvikla geoutdanninga vidare. Dette kan skje ved samarbeid om undervisning til dømes innan geofare, styrking av feltarbeid og å imøtekoma utfordringar som ligg i fagområdet, slik som klimaendringar, det grøne skiftet og andre samfunnsmessige utfordringar.

Eit utstrakt mål i iEarth er å få meir studentaktiv og læringsbasert praksis inn i undervisninga.

Vertsinstitusjon for iEarth er Institutt for geovitskap  ved Universitetet i Bergen (UiB). Det er UiB-professor Jostein Bakke som er leiar for iEarth-konsortiet. 

Les meir om iEarth på nettsidene: iearth.no