Ein tidskapsel blir grunnsteinen i Klimahuset

Klimahus, NHM
Klimahuset skal bli ein arena for forskingsformidling om klima og miljø. Illustrasjon: Lund Hagem Arkitekter

Våren 2020 opnar Klimahuset ved Naturhistorisk museum. Torsdag 20. juni er alle invitert til nedlegging av den symbolske grunnsteinen – ein tidskapsel fylt med klimarelaterte gjenstander.

Frå klokka 14.45 til 16.20 blir det underhaldning og klimarelevante innlegg med mange gjestar i Botanisk hage på Tøyen. Hovudpersonane er tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland og Penelope Lea, som er miljøagent og tidenes yngste vinnar av Frivillighetsprisen. 

Andre talarar på lista er klima- og miljøminister Ola Elvestuen, ordfører i Oslo Marianne Borgen, byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen, gavegiver Jens Ulltveit-Moe, UiO-rektor Svein Stølen og Naturhistorisk museum-direktør Tone Lindheim. 

Det blir også minikonsert med Jon Olav, Årets Urørt i NRK P3 i 2018. 

Etter seremonien blir det innspelsmøte om Klimahuset for og med ungdom.

Les meir om Klimahuset

Les meir på Titan.uio.no: